

Om Brilleriet
Me har sans
for auga ditt
Brilleriet vart fyrst etablert av 24 år gamle Jan Steinfeld Holmberg i 1969. Namnet var Synssenteret Holmberg.
For å starta butikken trengte han 20 000 i startkapital, men banken ville ikkje hjelpa. Heldigvis hadde han ei rik tante
i Amerika.
Ved oppstarten var Synssenteret den einaste optikar-forretninga mellom Bergen og Stavanger. I 2006 overtok
24 år gamle Arnhild Myklebust drifta og eigarskapet av Synssenteret. Holmbergnamnet vart teke vekk og butikken fortsette den positive utviklinga under namnet Synssenteret Synsam.
I 10 år levde Brilleriet i eit lukkeleg ekteskap med Synsam før me i 2017 skilde lag med kjeda for å starta vår eigen, unike og lokale profil. Brilleriet vart ein realitet. Me er dei same, men no er me oss sjølve. Heilt sidan starten i 1969 har god service, utval og fagleg kvalitet stått i høgsetet. Me skal vera den mest attraktive og freistande brillebutikken. Me vil skilje oss ut ved å vera lokale og gje brillene personlegdom og karakter. Me sjåast!
Briller
Livet er for kort til å bruka keisame briller!
På Brilleriet plukkar me ut kvar enkelt brille sjølv. Me tek inn akkurat dei brillefasongane og merkene som me trur kler deg godt.
Me har briller med karakter!
Solbriller
Ja til solbriller heile året! Hos Brilleriet får du solbriller med og utan styrke. Alle våre solbriller er plukka ut med omhu for å ha dei mest
attraktive og uimotståelege solbrille-kolleksjonane til akkurat deg.

1
Skyll først brilleglasa
i rennande, lunka vatn
2
Reingjer med eigna
reingjeringsmiddel
3
Tørk med rein pusseklut
og nyt utsikta
Kontakt oss
Brilleriet Leirvik
Borggata 5
5417 Stord
Opningstider:
man–fred: 09–18
laur: 10–15
Telefon:
534 11 0 68
E-post:
Brilleriet Heiane
Ringvegen 44
5412 Stord
Opningstider:
man–fred: 10–20
laur: 10–18
Telefon:
534 11 0 68
E-post: